Påsketradisjon i Åsskard : Påskeverksted 17. mars


Påsketradisjon i Åsskard : Påskeverksted 17. mars


I år som i fjor satsar Åsskard sokneråd på eit familievennleg og populært tiltak og inviterer til påskeverksted i kyrkja 17. mars kl. 18!

Hobbykveldane før jul og påske samlar mange i Kyrkjestua i Åsskard. Tysdag er det igjen påskeverksted.

 

Instruktør Randi Vetleseter Bøe inviterer barn og foreldre til ein kreativ kveld. Ho har materialar, idear og utstyr klart. 

 

- Vi skal laga påskekort og pynt av mange slag. Dorullkjerner, eggkartongar, pappbeger og tegnepapir blir til artige figurar som skaper liv og påskefarger rundt i heimane, seier ho. - Ta gjerne med eigne materialar og!

 

Eit høgdepunkt på slike kveldar er felles måltid til slutt. Her har Kari Johanne Aarnes og andre i soknerådet mykje godt å by på.

Alt ligg an til ein triveleg og skapande kveld i Kyrkjestua denne tysdagen!

 

Fjorårets påskeverksted i Åsskard-kyrkja var rett og slett ein suksess, med fullt hus og ekstra stolar. 

Tekst og foto: Bernt G Bøe

 

 

 

 

 

Tilbake