Tysdag 24. mars vil årets konfirmantar i Surnadal, saman med fleire frivillege, gå frå dør til dør med innsamlingsbøsse.
Pengane som blir samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid i store delar av verda.
Nesten 800 millionar menneske lever utan tilgang til reint vatn i verda i dag, på grunn av tørke, flaum, jordskjelv eller krig.
Kirkens Nødhjelp arbeider både med akutt hjelp i katastrofesituasjonar og langsiktige prosjekt for å redusera nød og fattigdom. Dei jobbar for fred, rettferd, og for å redda liv.
Krigen i Gaza og Ukraina har prega nyheitsbiletet lenge. Samtidig går det føre seg ei rekkje store humanitære kriser som vi høyrer lite om, som t.d. krigen i Sudan. På toppen av dette ser vi dramatiske kutt i bistanden til verdas fattige. Konsekvensane av dette er allereie tydelege i mange land.
Det er lett å bli motlaus. Men du kan faktisk gjera noko!
Gjennom fasteaksjonen samlar vi inn pengar til det livsviktige arbeidet som gjer det mogleg for Kirkens Nødhjelp å vera til stades for millionar av menneske som treng det mest.
Bli med- tak vel imot konfirmantane og støtt fasteaksjonen du også!
Vipps til 2426.