Helgemessesøndag - Allehelgensdag er det mange som kjem til kyrkjegardane, for å minnast og for å tenne gravlykter.
Har du eller nokon du kjenner mista nokon? Mange lever med sorg og sakn, og finn trøyst i eit lys som skin.
I kyrkja er det rom for sorga og saknet, og du er velkommen til gudsteneste på Allehelgenssøndag 2. november.
I våre kyrkjer vil vi i våre gudstenester spesielt minnast dei av våre som har forlate oss det siste året. Vi les opp namna deira og tenner lys for dei.
Alle er velkomne. Sjølv om ein ikkje har mista nokon det siste året. Dagens gudstenester gir rom for ettertanke og sorg, men også for håp og trøyst.
Ranes kyrkje kl. 11:00
Det blir opa kyrkje med høve for lystenning og ei stille stund etter gudstenesta,
og soknerådet inviterer til kyrkjekaffe.
.
Stangvik kyrkje kl. 16:00
Det blir opa kyrkje med høve for lystenning og ei stille stund frå kl. 14.
Soknerådet inviterer til kyrkjekaffe etter gudstenesta.
Åsskard kyrkje kl. 17:00
Det blir opa kyrkje med høve for lystenning og ei stille stund frå kl. 16.
Soknerådet inviterer til kyrkjekaffe etter gudstenesta.
Mo kyrkje kl. 19:30
Det blir opa kyrkje med høve for lystenning og ei stille stund frå kl. 19.
Todalen kyrkje kl. 19:30
Det blir opa kyrkje med høve for lystenning og ei stille stund frå kl. 18:30.
Soknerådet inviterer til kyrkjekaffe etter gudstenesta.
Les meir om allehelgen- ein dag for å minnast
Illustrasjonsfoto: Kirken.no