En over 40 år lang tradisjon held fram: Jonsvaka i Åsskard!


En over 40 år lang tradisjon held fram: Jonsvaka i Åsskard!


Jonsvaka i Åsskard: 

Folketonar i vakker ramme

 

Åsskard har feira Sankthans med Jonsvaka i over 40 år. Fredag 20. juni er folkesongaren Runa Kvalsund gjest med arrangørkoret P17 og fløytisten Tove Elin Strand.

 

Solisten har studert folkemusikkens opphav og syngemåte. Slik får publikum oppleva viser, salmetonar, kringelhauk og trallating på den ekte «gammelmåten».

 

Fargerikt og variert

Runa og korleiar Bernt Bøe presenterer eit fargerikt bakgrunnsteppe for musikkskatten etter Magnhild Almhjell, Marit Glærum, Christen Bruseth, Hallvard Ørsal og andre – det meste nedskrive av samlarane Edvard Bræin og Kristian Halse. 

 

Kjenner du dramaet bak «Fenstadvisa»? Korleis var «Julverset» bruka? Og kva er linken mellom Gjendine Slaaliens «Baadnlaat» og arrangørkoret Prosjekt 17? Svar blir røpa på konserten.

 

Lokalt og internasjonalt

Koret syng både lokale og utanlandske folketonar. Forsamlinga deltek i allsong – frå Halsa, Osmarka, Sverige – og Russland. Noko med tonefølgje av fløytisten Tove Elin Strand.

 

Kvelden blir avslutta med korets «Folketonemesse frå Todalen» - der Kyrie, Gloria og alle gudstenesteledda blir sungne til nye melodiar, men med salmar og slåttar frå Todalen som toneføgje. Kjelder her er Ane Husby, Tomina Husby og 150-årsjubilant Hallvard Ørsal.

 

Jonsvaka tek til klokka 21 og er som vanleg tre-delt: Biletkåseri og samtale om folkemusikk og toneskaparar, kaffesamver og til slutt konsert inn i sommarnatta.

Innsendt av Bernt G. Bøe

Tilbake