Eter ein ofte middag åleine, er det triveleg å ete i lag med nokon andre. For travle småbarnsfamiliar er det godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå. Vi inviterer store og små i alle aldrar til middag på kyrkjelydshuset, og til å delta i fellesskapet ein onsdag i månaden.
Dagens middag er kvitball, bacon, grønsaker og kvitsaus.
Middag med ettermiddagskaffi/te serverast i frå kl.16.00.Treffet avsluttast med ein song kl.17.00.
Pris kr. 100, - for vaksne og gratis for barn opptil 12 år. Det er mogleg å betale med Vipps og kontantar.
Påmelding: Send SMS med antall personar til Aud Brynhild Indset på mobilnr. 90 10 93 22 innan tysdagen før. Gje beskjed om eventuelle matallergiar
Alle er hjarteleg velkomne!
Arr. Kyrkja i Surnadal