Det er vår, og det er behov for å rydde vekk lauv og anna rusk og rask på kyrkjegardane før sommaren kjem for fullt.
Sokneråda i Surnadal inviterer difor til dugnad i vekene framover.
Mo 22. april kl. 16:00
Stangvik 23. april kl. 18:00
Øye 28. april kl. 17:00
Ranes 5. mai kl. 17:00
Todalen 5. mai kl. 18:00
Åsskard 11. mai kl. 17:00
Vi skal rake, rydde, og rette opp støtter og liknande. Kyrkjetenar og sokneråd er med å hjelper til. Det bruker å bli ein triveleg dag, samstundes som kyrkjegarden vert fin.
Ta med rive eller anna høveleg reiskap. Alle er velkomne til å bli med!
Framsidefoto: R. Brøske